Kvammen

Bu fritt, landleg og stille, men med godene av å bu i eit byggjefelt!

Nytt bustadfelt på Høgda - seks tomter er klare for sal

Bustadfeltet vert bygd ut i tre trinn og fyrste byggjesteg er no ferdig. 

Ønskjer du å kjøpe tomt? 

Tomt nr. 1, 2 3, 17, 18 og 19 er no prissett og lagt ut for sal. Interessentar vert bede om å melde frå til Askvoll kommune så snart som mogeleg og seinast innan 19.01.2025. Dersom det er fleire interessentar på same tomt vert dette avgjort med loddtrekking måndag 20. januar 2025. Etter dette tidspunktet vil tomter som ikkje er selt vere tilgjengeleg til den fyrste som melder seg. 

Kontakt

Om du ønskjer kjøpe tomt kan du sende e-post til postmottak@askvoll.kommune.no. 

Om du har spørsmål knytt til reguleringsplanen/føresegnene eller anna kan du ta kontakt med bygg og eigedomsavdelinga. 

Prisar

Tomteprisar
Tomt nr. Pris kr Merknad Storleik (m2)
1 610 000 Har stikk inn til tomta. 899
2 610 000 Har stikk inn til tomta. 817
3 610 000 Har stikk inn til tomta. 853
17 635 000 Mykje sprenging. Har leidningar over tomta som må klausulerast, God utsikt. 1123
18 550 000 Ligg lågt i terrenget og krev tilkøyring av massar. Har leidning over tomta som må klausulerast. 1120
19 635 000 Har leidning over tomta som må klausulerast. 1141

Det kan vere ein smart at kjøparar av tomt 17 og 18 samarbeider om grunnarbeidet. Tomt 17 har masseoverskot og ligg høgt i terrenget, medan tomt 18 har masseunderskot og kan nytte massane frå tomt 17. 

Til saman vert det regulert 19 tomter for frittliggande bustader. Tomtene ligg fritt og fint til med kort veg til toppen av Høgda og naturområda ikring. Dei seks fyrste tomtene er i storleiken 817 til 1141 m2.  Det er i føresegnene sett krav om at tomt nr 6, 7, 8, 13, 17 og 18 skal tilretteleggast for bustader med alle hovudfunksjonar på inngangsplanet. 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Byggjefeltet ligg vakkert til langs Førdefjorden som opnar seg opp og går over til Stavfjorden når den passerer Flokeneset. Her bur ein omringa av fin natur berre eit steinkast frå allaktivitetshuset som er ein populær møteplass med mange arrangement, butikk, post kafè og treningsrom. I området ligg det ballbane, sandvolleyballbane og leikeplass. Gjelsvik skule som er lokalisert saman med barnehagen ligg mindre enn fire km frå byggjefeltet.

Her er både fjell og fjord tett på og i tillegg ligg arbeidsmarknadane i Førde og Askvoll berre 30-35 minutt unna. Den korte pendlaravstanden til desse er eit godt argument for å bu i bygda. Med fjellet på eine sida og fjorden på andre sida har ein eit glimrande utgangspunkt for rekreasjon og det er mange flotte toppturar å velje mellom. Frå Rørvik startar turen til fjellet Blegja, dronninga blant fjella i Sunnfjord, som ruvar 1305 meter over havet. Helselaget arrangerer kveldsturar kvar veke i sommarhalvåret. 

  • Barnevennleg område
  • Nær skule/barnehage
  • Flotte turområde
  • Solrikt område
     

I tillegg har kommunen to ledige tomter i det gamle bustadfeltet. Tomt 1 er om lag 900 m2 og er prissett til 40 000 kr, medan tomt 11 er om lag 1050 m2 og kostar 100 000 kr. 

I tillegg til tomteprisen kjem tilknytingsavgift for vatn og kloakk, oppmålingsgebyr, tinglysningsgebyr og dokumentavgift.

Sjå plankartet for bustadfeltet på kommunekart.com. 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Om du ønskjer kan du bli med på ei uforpliktande visning. Her kan du sjå tomtene, stille spørsmål, og bli kjend med området.

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75
Liss Lien
Bygg- og eigedomssjef
E-post
Telefon 57 73 07 33