Holmedal kan by på næringshage, bygdehus, pub, bygdemuseum, båthamn, brukt-butikk og knivfabrikk med utsal. Om vinteren er Magnusbakken ein populær møteplass, og om sommaren er badeflåten i Bakkevika populær. Det er mange flotte turstiar i Holmedal og dei ville og vakre Holmedalsfjella, like nord for byggjefelta, kan by på fantastiske naturopplevingar med fiskevatn og toppturar.
Holmedal er den nest største krinsen i kommunen. Dei to byggjefelta i Holmedal ligg flott plassert i høve arbeidsmarknaden rundt Dalsfjorden og med kort avstand til skule, barnehage, båthamn og badeplassar. Montessoriskulen (1–7 trinn) og barnehagen med leikeanlegg og ballbinge ligg nær byggjefelta. Barnehagen er nyleg utvida og både den og skulen har kapasitet for framtidig tilvekst.
- Barnevennleg område
- Nær skule/barnehage
- Flotte turområde
- Solrikt område
- Nær båthamn
Byggjefeltet i Skaret har 6 ledige kommunale tomtar. Tomt 4 og 5 er om lag 800-850m2 og kostar 100 000 kr. Tomt 1, 10 , 20 og 21 er frå 700 til 1000 m2 og kostar 40 000 kr. I Haugane er det ei ledig tomt (tomt A). Den er om lag 840 m2, og kostar 40 000 kr. Alle tomtane i Holmedal har gode solforhold og flott utsikt over Dalsfjorden. Tomtene har veg, vatn og avløp til tomtegrensa. I tillegg til tomteprisen kjem tilknytingsavgift for vatn og kloakk, oppmålingsgebyr, tinglysningsgebyr og dokumentavgift.
Bli med på ein uforpliktande visning. Her ser vi på tomter, du kan stille spørsmål, og bli kjend med området.
Sjå kommunekart for Skaret og Haugane.