Holmedal er den nest største krinsen i Askvoll kommune. Bygda kan mellom anna by på næringshage, bygdehus, båthamn, bygdemuseum, bruktbutikk og knivfabrikk med fabrikkutsal.
Her finn du mange flotte turstiar og gode moglegheiter for friluftsliv. Dei ville og vakre Holmedalsfjella ligg like nord for byggjefelta og byr på fine naturopplevingar, fiskevatn og toppturar. Om sommaren er badeplassen og badeflåten i Bakkevika eit populært samlingspunkt.
Dei ledige tomtene ligg fint plasserte med kort veg til skule, barnehage, båthamn og badeplassar. Holmedal har også ei sentral plassering i høve til arbeidsmarknaden rundt Dalsfjorden.
Montessoriskulen for 1.–7. trinn og barnehagen ligg nær byggjefelta, med leikeområde og ballbinge i nærområdet. Barnehagen er utvida, og både skulen og barnehagen har kapasitet til å ta imot fleire barn.
- Barnevennleg og solrikt område
- Kort veg til skule og barnehage
- Flotte tur- og friluftsområde
- Nær båthamn og badeplassar
- Sentral plassering rundt Dalsfjorden
Private tomter i Holmedal
Bogevika bustadfelt

Attraktive og romslege bustadtomter med gode solforhold og nærleik til sjøen er til sals på Boge i Holmedal. Her bur du nær fjord, fjell og flotte turområde, med gode moglegheiter for både friluftsliv og rekreasjon.
Bustadfeltet ligg om lag midt mellom Askvoll og Dale. Det er planlagt eit hamneanlegg der tomtekjøparane vil få høve til å leige båtplass.
Du finn meir informasjon om tomtene på www.bogevika.no.
Kontakt:
Bogevika bustadfelt
E-post: post@bogevika.no
Telefon: 917 03 543
Holmedal sentrum
Bustadtomt – gbnr. 204/86
Tomta ligg berre eit steinkast frå fjorden og har flott utsikt. Ho er sørvend, skrånande og på om lag 700 m². Tomta er regulert til bustadføremål.
Det er mogleg å utvide tomta ved å slå henne saman med delar av det ledige arealet mellom tomta og bustaden på gbnr. 204/47. Det samla arealet kan då bli om lag 1 200 m².
Prisantyding: 300 000 kroner
Bustadtomt i Haugane – gbnr. 204/12
Tomta ligg i Haugane bustadfelt, berre om lag 100 meter frå fjorden. Ho er på 1 167 m², sørvend og har flott utsikt og gode solforhold.
Tomta er flat og har tilkomstveg, noko som gir enkel tilrettelegging for bygging. Ho er regulert til bustadføremål.
Prisantyding: 200 000 kroner
Kontakt
Bjørn Skarstein
Telefon: 412 42 552
E-post: Bjorn.skarstein@enivest.net
Kommunale tomter i Holmedal
Skaret byggjefelt
I Skaret er det seks ledige kommunale bustadtomter:
- Tomt 4 og 5 er på om lag 800–850 m² og kostar 100 000 kroner.
- Tomt 1, 10, 20 og 21 er på om lag 700–1 000 m² og kostar 40 000 kroner
Haugane byggjefelt
I Haugane er tomt A ledig. Tomta er på om lag 840 m² og kostar 40 000 kroner.
Alle dei kommunale tomtene i Holmedal har gode solforhold og flott utsikt over Dalsfjorden. Veg, vatn og avløp er ført fram til tomtegrensa.
I tillegg til tomteprisen kjem tilknytingsgebyr for vatn og avløp, oppmålingsgebyr, tinglysingsgebyr og dokumentavgift.
Bestill ei uforpliktande vising
Ta gjerne kontakt for ei uforpliktande vising. Då kan du sjå nærare på tomtene, stille spørsmål og bli betre kjend med området.
Sjå kommunekart for Skaret og Haugane.