Dørhella

Bu med fantastisk utsyn over Vilnesfjorden og med kort veg til butikk, skule, barnehage og idrettsanlegg!

Byggjefeltet er omringa av fin natur og har gode solforhold. Tomtene er ein del av eit regulert bustadfelt med 10 bustadtomter og det er to ledige tomter att for sal (tomt 4 og 6). Begge har veg, vatn og avløp til tomtegrensa. Tomt 4 er om lag 830 m2 og tomt 6 om lag 900 m2. Begge kostar 100 000 kr. I tillegg til tomteprisen kjem tilknytingsavgift for vatn og kloakk, oppmålingsgebyr, tinglysningsgebyr og dokumentavgift.

  • Solrikt område
  • Fantastisk utsikt
  • Flotte turområde
  • Nær fjorden

Bli med på ein uforpliktande visning. Her ser vi på tomter, du kan stille spørsmål, og bli kjend med området.

Sjå kommunekart for Dørhella. 

Reguleringsføresegner for Dørhella. 

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75