Atløy - Sauesundet

Bu landleg, stille og med fantastisk utsikt over Vilnesfjorden.

Atløy ligg nord for Vilnesfjorden og har 450 innbyggjarar. Sambandet frå Atløy er bra og det går hyppig ferjeavgangar frå Gjervik til Askvoll (10 min) og til Fure. Bru til fastlandet, Atløysambandet, er planlagt. Atløy har vakker natur og mange godt merka stiar, og flotte fjellturar. Skredvarden, som når opp til 636 meter over havet, er høgste punktet. På sørsida av Atløy ligg Brurastakken, eit kjent landemerke og vakkert utsiktspunkt.

  • Barnevennleg område
  • Nær skule/barnehage
  • Flotte turområde
  • Solrikt område
  • Nær fjorden

Det er to ledige tomter i byggjefeltet (nr 5 og nr 10). Tomtene er relativt store, mellom 1050 og 1200 m2 og kostar 100 000 kr. Begge er vendt mot sør og med svært gode soltilhøve. I tillegg til tomteprisen kjem tilknytingsavgift for vatn og kloakk, oppmålingsgebyr, tinglysningsgebyr og dokumentavgift. Frå byggjefeltet er det berre 200 meter til skule, barnehage, idrettsanlegg med fotballbane, ballbinge, klatre- og trampolinepark. Det er også kort avstand til butikken på Atløy som er ein populær møteplass med kafé. 

Bli med på ein uforpliktande visning. Her ser vi på tomter, du kan stille spørsmål, og bli kjend med området.

Sjå kommunekart for byggjefeltet på Sauesundet. 

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75