Askvoll øvre

Bu sentrumsnært og luftig, med kort veg til butikk, skule, barnehage og idrettsanlegg!

Byggjefeltet i Askvoll øvre er eit regulert bustadområde som ligg sentralt til med kort avstand til barnehage, skule og butikkar. Tomtene har gode solforhold og ligg like i nærleiken av eit flott turområde med stiar innover Askdalen og vidare til dei sju fjelltoppane kring Askvoll.

  • Barnevennleg område
  • Nær skule/barnehage
  • Flotte turområde
  • Solrikt område

Dei kommunale tomtane 1, 2, 5, 9, 11 og 12 er ledige for sal. Tomtene er romslege,  om lag 1000 til 1250 m2. Alle kostar 210 000 kr og har veg, vatn og avløp til tomtegrensa. I tillegg til tomteprisen kjem tilknytingsavgift for vatn og kloakk, oppmålingsgebyr, tinglysningsgebyr og dokumentavgift.

Bli med på ein uforpliktande visning i Askvoll øvre. Her ser vi på tomter, du kan stille spørsmål, og bli kjend med området.

Sjå kommunekart for Askvoll Øvre

Last ned planføresegnene for Askvoll Øvre

Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75