Lage avkøyrsle

Skal du lage ny, utvide eller endre avkøyrsle frå offentleg veg må du søkje om løyve.

Dersom du skal lage ny, utvide eller endre avkøyrsle som går til offentleg veg må du søkje om løyve etter veglova § 40. Med avkøyrsle er det her meint forbinding mellom byggetomt/eigedom og offentleg veg. Dette gjeld og der privat vegar møter offentleg veg. 

Kva er søknadspliktig?

Dersom det skal bli gjort tiltak som endrar forholda til avkøyrsla må du sende inn søknad for godkjenning. Det kan vere fysisk endring eller endra bruk. Dersom opparbeiding av avkøyrsla er ein del av ein større byggesak treng du ikkje søkje spesielt om løyve så lenge vegen er kommunal. Den kan bli behandla parallelt med byggesaka. 

Korleis søkje

For å søkje om ny eller utvida bruk av avkøyrsle skal du nytte elektronisk skjema. Du søkjer gjennom nettsider til Statens vegvesen. Søknaden vil då bli sendt til kommunen, fylkeskommunen eller vegvesen etter kven som er vegeigar og vegmynde til å handsame søknaden. 

Sjå Statens vegvesen sine nettsider om avkøyrsle

Krav til utforming frå kommunal veg

  • Geometrisk utforming og krav til sikt skal vere i samsvar med Statens vegvesen sine normalar. Det skal i godkjenninga av avkøyrsla fastsetjast kva kategori veg det er snakk om (hovudveg, samleveg eller tilkomstveg).
  • Stigning på avkøyrsla kan vere maks 1:8 med utflating mot kommunal veg på 1:25 i minimum fem meters lengde. Dette skal dokumenterast ved lengdeprofil.
  • For avkøyrsle frå veg med veggrøft skal det leggast stikkrenne gjennom avkøyrsla. Minste diameter på rør skal vere 160 mm (6"). Til stikkrenne skal det nyttast vegrør eller tilsvarande rør med muffe (ikkje rørbitar eller rør utan muffe). Stikkrenna skal gå min. 0,4 meter utom fylling for avkøyrsla.
  • Avkøyrsle med tilhøyrande stikkrenne skal haldast ved like av grunneigar eller brukar, utan omsyn til kven som har bygd eller kosta avkøyrsla.
  • Dersom avkøyrsla vert bygd eller nytta i strid med godkjenning, kan det gjevat pålegg om at avkøyrsla skal stengast, endrast eller flyttast på den ansvarlege sin kostnad, jf. veglova § 42. 

    I tillegg til desse vilkåra spelar trafikktryggleik ei stor rolle. Det er til dømes ikkje ønskjeleg med meir enn ei avkøyrsle til kvar eigedom og unødig breie/udefinerte avkøyrsler då dette kan gje eit uoversikteleg trafikkbilete. For mange avkøyrslar langs ei kort strekning er heller ikkje ønskjeleg. Fellesavkøyrsle bør difor nyttast der det er mogleg. 

Avkøyrsle i samband med frittståande garasje eller carport

Vert garasje eller carport plassert med innkøyring vinkelrett på veg er det sett eit krav om minst 5 meter avstand frå garasjeport/opning carport til eigedomsgrense mot veg.

Vert garasje eller carport plassert med innkøyring parallelt med veg er det krav om minst 2 meter avstand frå bygningen til eigedomsgrense mot veg.