Seksjonering

Seksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygningen. 

Om seksjonering

  • Seksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte- og firemannsbustadar. 
  • Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli lånt på uavhengig av resten av eigedomen eller brukseiningane. 

Kva får du?

  • Du får delt opp bygningen i fleire eigarseksjonar, og eventuelt fordelt uteareal til ein eller fleire seksjonar. 
  • Du får dokumentasjon med plassering av eigarseksjonar og fordeling av sameigebrøk.
  • Du får eit matrikkelbrev.

Slik søker du:

Er det fleire bygningar på tomta, må du med alle i søknaden.

Fyll ut søknad om seksjonering

Sjå regjeringa for meir informasjon og rettleiing til søknaden.

Legg ved situasjonskart over eigedomen

Kart kan du laste ned frå kartverket.

Legg ved planteikningar for alle etasjane

Planteikningane må innehalde:

  • markering av dei ulike seksjonane
  • forslag til seksjonsnummer
  • gårds- og bruksnummer
  • informasjon om kva dei ulike romma skal brukast til.