Terrenginngrep

Terrengendring kan vere fyllingar av masse, planering, graving, masseuttak, steinbrot eller sprenging av terreng. 

Ikkje søknadspliktige terrenginngrep

Det er berre mindre planering og fylling som er omfatta av unntaket frå søknadsplikta. Dersom tiltaket har eit omfang som ikkje kan bli vurdert som mindre vil det vere søknadspliktig. 

For at terrenginngrepet skal vere unnateke søknadsplikt må det vere:

  • Tiltaket gjeld ei mindre fylling eller planering av terreng
  • Avstand frå fyllinga/planeringa må vere minst 1 meter frå nabogrensa
  • Tiltaket hindrar ikkje fri sikt mot veg
  • Tiltaket vert ikkje ført opp i strandsona.

Søknadspliktige terrenginngrep

Inngrep og endringar i terrenget som førar til større endringar enn dei som er nemnd i punkta ovanfor må du søke om løyve om. Då må du som regel ha hjelp til å både søke og utføre terrenginngrepet.