Rive eit bygg

Riving av eit bygg kan vere både søknadspliktig, og unnateke søknadsplikt. 

Følgjande tiltak krev ikkje søknad

  • Frittliggjande bygning.
  • Bygningen er plassert på bebygd eigedom (småhus).
  • Bruksareal eller bebygd areal er maks 50 m2.
  • Bygningen er ikkje innreia for varig opphald.
  • Mønehøgda skal ikkje vere over 4.0 m, og gesimshøgda ikkje over 3.0 m. 
  • Bygning er oppført i 1 etasje, og utan kjellar.
  • Tilbygg med samla bruksareal eller bebygd areal på under 15 m2. 

Sjølv om om du kan rive utan å søkje, må du gje beskjed til kommunen når rivinga er ferdig. 

Søke med hjelp av fagfolk

  • For alle større rivetiltak må du ha eit ansvarleg føretak til å søkje og utføre sjøve rivinga. 
  • Søknaden må utformast av eit føretak med kompetanse til å gjennomføre ein slik prosess (ansvarleg søkjar).
  • Dette gjeld bygningar som tilbygg over 50 m2, garasjar/uthus/småhus over 70 m2, bustadhus og liknande.

Avfallsplan 

Dersom bygningen som du skal rive (eller delar av bygget eller konstruksjonar) overskridar 100 m2 BRA, skal det utarbeidast ein avfallsplan som gjer rede for planlagt handtering av byggavfallet fordelt på ulike avfallstypar og mengder. 

Arnt Rune Knapstad
Avdelingsingeniør
Bygg- og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 17