Påbygg/tilbygg

Følgjande tiltak kan du stå ansvarleg for sjølv

Oppføring av eit enkelt tilbygg med samla bruksareal eller bebygd areal på inntil 50 m2.

Følgjande tiltak krev kvalifisert føretak

Oppføring av tilbygg med bruksareal og bebygd areal over 50 m2 og påbygg. Søknad må sendast av føretak som kan godkjennast som ansvarleg søkar. 

NB! Påbygg er å auke bygget sitt volum i høgda, t.d. å bygge ein ekstra etasje. Tilbygg er å bygge på sida av eksisterande bygg.

Arealdelen/reguleringsplan

Det vil vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan bygge. Dette vil typisk vere byggegrenser, avgrensing i storleik, høgde, takvinkel og liknande.
Pass på at tilataket er innanfor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga. Ta kontakt med kommunen for opplysningar om dette.
Dersom det du skal bygge ikkje er i samsvar med plan, må du søkje om dispensasjon.
Arnt Rune Knapstad
Avdelingsingeniør
Bygg- og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 17