Gjerde, levegg og støyskjerm

Om du må søkje om gjerde eller levegg kan vere avhengig av storleik, plassering, utforming, høgde og avstanden til eigedomsgrensa. 

Følgjande er unntatt søknadsplikt:

Gjerde:

  • Gjerde mot nabo
  • Gjerde mot veg med høgde inntil 1,5 m. Gjerdet må ikkje hindre sikta i frisiktsoner langsvegen i avkøyrsler. 

Levegg:

  • Levegg med høgde på inntil 1,8
  • Kan vere inntil 10 meter lang, og inntil 1 meter frå nabogrensa
  • Tilstrekkeleg avstand frå offentleg veg. 

Søknadspliktig som du kan søke og bygge sjølv

Andre gjerder (tette, "tunge" gjerder) og andre leveggar som ikkje er nemnd ovanfor må du søke om. Kommunen kan då vurdere at du som tiltakshavar kan søke og bygge den sjølv

Søknadspliktig med krav om ansvarleg føretak

Andre gjerder og leveggar som kommunen vurderar at eit ansvarleg føretak må stå for. Eksempel på slike konstruksjonar er store tunge leveggar, skjermvegg som og er støyskjerm. 

Arnt Rune Knapstad
Avdelingsingeniør
Bygg- og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 17