Garasje

Følgjande kan du stå ansvarleg for sjølv

Dersom du kan svare ja på alle desse punkta, kan du stå ansvarleg for tiltaket og søkje kommunen sjølv.

  • Ein enkelt frittliggande bygning.
  • Eigedomen er bebygd frå før.
  • Garasjen skal ikkje brukast til bustadføremål.
  • Bygningen er i ein etasje, eventuelt også underbygd med kjellar.
  • Bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) er under 70 m2.

Følgjande krev kvalifisert føretak

Må du svare nei på nokre av punkta ovanfor, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.

Avstand til nabogrense

Frittliggande garasje under 50 m2 i ein etasje kan normalt godkjennast 1,0 meter frå nabogrensa, jf. § 29-4 i plan- og bygningslova. 

Garasje over 50 m2 eller garasje som er samanbygd med bustad skal plasserast minst 4 meter frå nabogrense. Kommunen kan godkjenne nærare plassering enn 4 meter dersom det føreligg ei positiv fråstandserklæring. Erklæringa frå naboen må vere eit skriftleg samtykke i tillegg til nabovarsling. 

Arnt Rune Knapstad
Avdelingsingeniør
Bygg- og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 17