Forstøtningsmur (støttemur)

Ein forstøtningsmur er ein mur som held oppe lausmassar og liknande i ei skråning, og skal hindre terrenget frå å gli ut. 

Oppføring, endring og fjerning av mindre forstøtningsmurar kan vere unnateke søknadsplikt dersom følgjande punkt er oppfylt:

  • Muren har ein avstand frå nabogrense på minst 1 meter når muren har ei høgde på inntil 1 meter
  • Muren har ein avstand frå nabogrense på minst 4 meter når muren har ei høgde på inntil 1,5 meter
  • Forstøtningsmuren må ikkje vere i strid med gjeldande plan eller anna lovverk
  • Muren må ikkje hindre fri sikt mot vegen. 

Dersom det er begrensningar i kommunale planar eller reguleringsplanar, må du søke. Dersom du er usikker, kan du ta kontakt med bygg- og eigedomsavdelinga. 

Søknadspliktig støttemur

Dersom støttemuren ikkje kjem under alternativa ovanfor, er tiltaket søknadspliktig. Då vil det vere krav om at fagfolk står bak søknaden, prosjektering og utføring. Det betyr at du sjølv som privatperson ikkje kan søke eller utføre arbeidet sjølv. 

For oppføring av enklare støttemur etter kommunen sitt skjønn, kan kommunen godta at du sjølv står ansvarleg for oppføringa (tiltak utan ansvarsrett). Då må du ta kontakt med kommunen for ei vurdering.

Arnt Rune Knapstad
Avdelingsingeniør
Bygg- og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 17