Einebustad og fritidsbustad

Søknad må sendast inn av føretak som kan godkjennast som ansvarleg søkar. 

Reglane seier at eit såkalt ansvarleg føretak må søke på vegne av privatpersonar. Det betyr at du må ta kontakt med ein arkitekt, eit byggjefirma eller nokon andre som er kvalifisert og som kan godkjennast som ansvarleg søkar. Ansvarleg søkar har ansvar for at søknaden er komplett.

Arealdel/reguleringsplan

Det vil vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan bygge. Det kan vere byggegrenser, avgrensing i storlerik, høgde, takvinkel og liknande. 

Pass på at tiltaket er innanfor desse avgrensingane før du går i gong med planlegginga. Ta kontakt med kommunen for opplysningar om dette.

Dersom det du skal bygge ikkje er i samsvar med plan, må du søke om dispensasjon. 

Arnt Rune Knapstad
Avdelingsingeniør
Bygg- og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 17