Bruksendring

Bruksendring er å endre bruk av eit rom frå ein tillat bruk til ein annan, f.eks. å gjere om ei bod til eit soverom. Det skal takast omsyn til gjeldande plan for eigedomen.

Sjekk om du må søke om bruksendring

På direktoratet for byggkvalitet sine nettsider kan du enkelt sjekke om du treng å søke:

Sjekk om du må søkje om bruksendring

Du kan sende søknad om bruksendring dersom

  • Du endrar rombruken frå tilleggsdel til hovuddel innanfor same branncelle (til dømes frå bod eller vaskerom til stove, soverom eller liknande).
  • Du slår saman fleire bueiningar.

Du må sende byggesøknad med hjelp frå fagfolk dersom

  • Du skal lage ei ny eining/leilegheit eller sekundærleilegheit, til dømes ei utleigeleilegheit.
  • Du skal bruke huset eller delar av det til noko anna enn det du gjer i dag. Til dømes frå næringsbygg til bustad, eller frå bustad til serveringsstad eller butikk.
  • Du skal endre på bereveggar eller golv. 
Arnt Rune Knapstad
Avdelingsingeniør
Bygg- og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 17