Klage på vedtak i byggesaker

Du kan klage på alle enkeltvedtak i areal- og byggesaker. I vedtaket frå kommunen skal det stå noko om klagerett, frist for å klage og kven klagen skal sendast til. 

Fristen for å klage er tre veker etter motteken melding om vedtak. Klagen må vere sendt før fristen går ut. 

Kven kan klage? 

Enkeltvedtak kan påklagast av ein part eller annan med rettsleg klageinteresse i saka. 

  • For at du skal vere part i saka, må vedtaket rette seg mot deg, eller direkte gjelde deg.
  • for at du skal ha rettsleg klageinteresse må du ha ei tilknyting til saka. Du kan òg ha ei rettsleg klageinteresse om du har ei viss tilknyting til saka. 

Slik klagar du

  • Skriv at det er ein klage.
  • Nemne vedtaket som det klagast over, til dømes saksnummer eller namnet på saka det gjeld.
  • Skriv kva tilknyting du har til saka.
  • Grunngje kvifor du klagar. Det må gå klart fram kva eventuelle endringar som du ynskjer skal gjerast. 
  • Klagen må vere underskriven av deg som klagar eller fullmektig.

 

Arnt Rune Knapstad
Avdelingsingeniør
Bygg- og eigedom
E-post
Telefon 57 73 07 17
Liss Lien
Bygg- og eigedomssjef
E-post
Telefon 57 73 07 33