Melding om skifte av eldstad

Du treng ikkje søke til kommunen om å skifte ut eldstaden din, men for å sikre at feiaren har oversikt over fyringsanlegga er det viktig at du melder endringar. 
 

Send melding om skifte av eldstad

Når du har montert ny eller skifta ut gamal eldstad skal du melde det  til kommunen. Opplysningane vert nytta i samband med feiing og tilsyn. 

Send melding om ny installasjon eller utskifting av eldstad
 

Feiaren kan gi pålegg om retting

Det er ingen formelle krav til dei som monterer eldstad, men vi oppmodar alle til å bruke kyndige fagfolk. Feiaren skal under feiing og tilsyn vurdere tilhøve ved fyringsanlegg og har mynde til å gje pålegg om retting der det er nødvendig.
 

Skorstein

Skal du føre opp ny eller rehabilitere eldre skorstein? Hugs at dette er søknadspliktig.


Forskrift

Forskrift om brannførebygging

Artikkelliste