Fyrverkeri - oppskyting, oppbevaring og sal

Nyttårsafta er det tillatt å skyte opp fyrverkeri klokka 18.00–02.00 utan å søke på førehand. 
 

Sal av fyrverkeri

Skal du selje fyrverkeri, må utsalet vere godkjent av brannvesenet i god tid før salstidspunktet. Du må søke om løyve til å selje fyrverkeri innan 1.mai

Alle søknader skal leverast elektronisk og ikkje per e-post.
 

Søk om løyve til sal av fyrverkeri


Føringar for løyve til sal av fyrverki

For å få løyve må ein drive handelsverksemd med fast utsalsstad.

Det er ikkje lov å ha utsalsstad i bygg med bueiningar eller inne i kjøpesenter.

Dei som sel fyrverkeri skal ha tilsett minst ein person som har gått obligatorisk handelskurs og kan vise fram gyldig kompetansebevis fra Norsk Brannvernforening.

Norsk Brannvernforening: les om kurs i handel med fyrverkeri

Norsk Brannvernforening: oversikt over kurs i handel med fyrverkeri

Sal av fyrverkeri direkte til forbrukar er berre tillete i perioden 27 til 31 desember. Handelen skal gå føre seg over disk.
 

Oppskyting utanom nyttårsafta

Dersom du ønsker å skyte opp fyrverkeri utanom nyttårsafta, til dømes i samband med feiring av bursdagar eller skuleball, må du søke politiet om løyve til oppskyting av fyrverkeri. Avgjerda om å gi løyve er eit vedtak som du kan klage på, difor får du brevet skriftleg per post eller e-post. 
 

Politiet stiller som regel desse vilkåra til løyvet

Starttidspunktet bør seinast vere klokka 22.45. Det skal vere normal nattero klokka 23.00.

Arrangøren skal så langt det let seg gjere kunngjere oppskytinga i nærmiljøet, media (aviser eller radio), slik at ålmenta (dyreeigarar) kan ta sine førehandsreglar.
 

Du må ta omsyn til dette når du skal bruke fyrverkeri

Vêr- og vindtilhøve.

Generell brannfare.

Oppskyting skal føregå på ein open plass, i trygg avstand frå bygningar og bilar.

Sjekk at fyrverkeriet ikkje er skadd og hugs verneutstyr.

Fyrverkeri skal ikkje handterast av born eller rusa personar.

Dersom ikkje fyrverkeriet går av skal du ikkje prøve å tenne det på nytt, men la det stå i minst 20 minutter og så sette det vekk. Blindgjengarar skal leverast tilbake til utsalsstaden.


Japanske og kinesiske lykter

Japanske og kinesiske lykter vert brukt stadig oftare i samband med markeringsdagar og på nyttårsafta. Desse lyktene har open eld som skal gje varme i lykta. Du har ikkje kontroll på kor ei slik lykt landar. Det kan fort vere i vedstabelen til naboen, på eit torvtak eller i småskogen rundt bustadfeltet. Lyktene må derfor brukast med aktsemd når brannfaren er stor.
 

Oppbevaring av fyrverkeri

Fyrverkeri skal oppbevarast tørt og i romtemperatur. Overskot etter nyttårsafta kan ikkje leverast tilbake til utsalsstad dersom det er heilt og kan brukast. Pass då på god lagring til neste sesong.

Gode råd til trygg bruk av fyrverkeri 

Roy Andre Solvåg-Hellevang
Leiar brannførebyggande avdeling
Brannvern og feiing
E-post
Telefon 57 71 85 63
Mobil 95 81 52 82