Bål og grilling / Bålmelding

Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for brannsikkerheita. Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkke ved behov. Det er forbudt å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel. 

 

Gi beskjed om at du brenner bål

Du skal alltid melde ifrå til brannvesenet om at du brenner bål, uansett når på året du gjer det. 

Gi melding til brannvesenet om bålbrenning

 

Bålforbod 15. april–15. september

Om våren og sommaren blir det gjerne tørt. Då aukar faren for skog-, gras- og lyngbrann. Sjølv eit lite kaffibål eller eit lite grillbål kan vere nok til å sette fyr i marka rundt og føre til brennspreiing. I Noreg er det difor bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbod å tenne opp bål i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. 

Alle plikter å vise aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann. 

Nokre hugsereglar ved bruk av eingongsgrill:

  • Ta med flaske som kan brukast til sløkkevatn om elden spreier seg til terreng.

  • Ikkje bruk eingongsgrill der det ikkje er nær tilgang til vatn.

  • Ta omsyn til skogbrannfare og vind.

  • Plasser grillen på ikkjebrennbart underlag.

  • Drukn gjerne grillen i vatn når grillinga er over, eller bruk godt med vatn for å kjøle den.

  • Ikkje forlat grillen ute i naturen. Kast grillen i søppelspann som er laga for grill og kull, eller vent eit par døgn med å kaste den i søpla slik at du er sikker på at grillen er kald. 
     

Unntak frå bålforbodet

  • Du kan tenne opp bål dersom elden heilt openbart ikkje kan spreie seg. Det kan vere at det til dømes at det har vore mykje nedbør over lang tid. 

  • Du kan grille på tilrettelagte grill- og bålplassar med ubrennbart underlag. 

  • Du kan grille i din eigen hage. 

  • Sameige/burettslag kan ha eigne retningslinjer. 

  • Det er tradisjon å brenne jonsokbål i grendene. Vi krev ikkje at du søker om om å brenne jonsokbål, men vil ha melding om stad, tidspunkt og bålansvarleg.  

Kontakt brannvesenet

Brannvakt Askvoll kommune: 47 61 69 21

Brannsjefen i Sunnfjord kommune er også ansvarleg for branntenester i Askvoll kommune. Dette gjeld brannvakt, brannøving, tilsyn, spørsmål om fyrverkeri med meir. 

Brannvakt
Vakttelefon
Brannvern og feiing
Mobil 47 61 69 21