Sende faktura til Askvoll kommune

Alle faktura til Askvoll kommune skal sendast elektronisk i EHF-format. 

Alle einingar under Askvoll kommune skal opprettast som kunde på vårt hovudorganisasjonsnummer 964 968 330. 

Det er viktig at du stiler faktura til Askvoll kommune og hugs å informere om kven som har bestilt vara eller tenesta. Dersom vi mottek faktura utan referanse så tek det lang tid å finne korrekt person som skal godkjenne faktura. 

Elektronisk fakturaadresse: 0192:964968330.
Aksesspunkt: Visma. 

Dersom det ikkje er mogleg å sende EHF-faktura kan ein sende faktura på e-post til: faktura@askvoll.kommune.no.

Vi ynskjer ikkje å motta faktura pr. post. 

Betalingsvilkår

Vi treng betalingsfrist på 30 dagar frå fakturadato. I dei tilfella der vi ikkje har motteke faktura, skal krav om rente og gebyr dokumenterast med ei leveringskvittering frå dykkar aksesspunkt (gjeld EHF-faktura).

Nina Haugstad
Økonomisjef
E-post
Telefon 57 73 07 12