Olsetvikane næringspark
Olsetvikane næringspark ligg på sørsida av Askvika, og strekk seg frå Olsetneset i vest mot Nesberget i aust. Fleire bedrifter har sine verksemder her, mellom andre Olset Entreprenør AS, Sunnfjord Miljøverk IKS, Sogn og Fjordane Energi, og Sub Aqua Tech AS. I nordaust er det etablert småbåthamn. Frå området til fylkesveg 608 er det omlag 1,3 km, medan Askvoll sentrum ligg 3 km unna. I sentrumsområdet ligg kommunal administrasjon, barnehage, skule og kultur- og idrettsbygg. Sentrum har elles fleire servicefunksjonar som overnatting, matservering, vinmonopol, apotek, butikkar og ulike kontor- /næringsverksemder.
Området ligg i dag på enden av kommunal veg, med liten trafikk. Heile næringsparken ligg tett ved den indre leia langs kysten. Med forventa nasjonal vekst i marine og maritime næringar, og stadig betre kommunikasjonar mot midtre og indre delar av fylket, kan det på lenger sikt forventast ein auka marknadsverdi som følgje av området si lokalisering som eit knutepunkt mellom sjø og land. Ved utbygging av Atløysambandet vil den daglege trafikken til/frå Atløy passere gjennom området og skape auka aktivitet.
Ledig areal i Olsetvikane:
- 25,5 dekar i vest (tomt A, B og D) er opparbeidd og byggjeklart. 17 daa har grense til sjø, og 8,5 daa er utan.
- 32 dekar i vest (tomt C) med samanhengande areal (råtomt). Det meste arealet grensar til sjø og det er regulert for kai (sjå utsnitt frå reuleringsplan).
- 40 dekar i aust ( tomt E, F og G) - tre samanhengande råtomter.
Arealet i vest (tomt A, B og D) ligg ved enden av kommunal veg og er planert av utskotne massar, med strandline i vest og i nord. Her blir det høve for å kople seg til VA-anlegg og straumnett. Ny trafo med høve for tilkopling til straumnettet, er etablert like nord for kommunal veg. Ubebygd areal (tomt C,) består i hovudsak av kupert nordvendt terreng med jorddekt fastmark, noko myr, og naturleg tilvekst av kratt og lauvtre.
På kvar tomt skal det settast av 1 oppstillingsplass for bil pr 100 m2 golvflate industribygg/kontorbygg, og 1 oppstillingsplass pr 200 m2 lagerareal.
Prisar (april 2023)
- Opparbeidd planert areal, med veg, vatn, avløp og straum fram til tomtegrensa, eller innan rimeleg avstand til denne. Takst: kr 500/m2.
- Grenseline til sjø. Opparbeidd planert areal, med veg, vatn, avløp og straum fram til tomtegrensa, eller innan rimeleg avstand til denne. Takst: kr 700/m2.
- Ikkje opparbeidde areal (råtomt). Takst: kr 100/m2.
- Grenseline til sjø. Ikkje opparbeidde areal (råtomt). Takst: kr 150/m2
Nikøy næringspark
På Bulandet blir det etablert ein næringspark om lag 11 dekar. Fyrste byggetrinn er ferdig og det skal fyllast på med masse for å ferdigstille industriområdet.
Næringsparken på Nikøy ligg svært sentralt i øysamfunnet på Bulandet og har ei aktiv fiskehamn med fiskemottak, butikk, gjestebrygge, Havsalaten kjøkken & bar og snart ein ny fleirbrukshall med symjebasseng. I tillegg er det etablert eit nytt bustadfelt på Bulandet.
Andre næringstomter
Askvoll kommune har i arealdelen av kommuneplanen sett av areal for næring fleire stadar. Bygg- og eigedomsavdelinga har ansvaret for dei kommunale arealplanane, og du kan ta kontakt med avdelinga dersom du ønskjer nærare informasjon.
Askvoll kommune ønskjer å stimulere til nyetableringar og derfor er kommunale næringstomter bestemt etter sjølvkostprinsippet. Det vil seie at prisane berre skal dekke dei faktiske kostnadane ved å opparbeide feltet. Dei kommunale næringstomtane i Askvoll er svært rimelige samanlikna med mange andre.
Kontaktinformasjon
Ta kontakt med Askvoll kommune om du har spørsmål til næringstomtene eller ønskjer ein uforpliktande visning.