Spreiing av husdyrgjødsel
Frå 1. februar 2025 ble det vedtatt ny forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv. Landbruksdirektoratet har eit nyheitsskriv og ei rettleiing som forklarer forskrifta.
I Vestland er spreiefrist for organisk gjødsel frå 1. mars til 15. september. Det skal i same året haustast eller etablerast plantevekst etter siste gjødsling. Spreiing på snødekt eller frosen mark er ikkje tillat.
Dei lokale bestemmelsane om spreiefrist er oppheva frå 01.02.2025.
Godkjenning av innmarksbeite som spreieareal
I den nye gjødselbruksforskrifta er det også vedtatt at all spreiing av husdyrgjødsel på beite no må vere godkjent av kommunen, og frå 2027 vil det også gjelde bruk av mineralgjødsel.
Statsforvaltaren har laga ei rettleiing om Godkjenning av innmarksbeite som spreieareal og Søknadsskjema.
Gjødselplan
Gjødselplan er viktig for å sikre riktig gjødsling i forhold til trongen for næringsstoffer, kvalitet på avlinga og for å unngå ureining. I 2025 gjeld dei same reglane som tidlegare, sjå forskrift om gjødslingsplanlegging.
Frå 2026 gjeld desse krava:
Alle som disponerer og gjødslar meir enn 25 daa per år, skal ha gjødslingsplan. Kommunen tek ikkje lenger på seg å lage gjødselplanar, Norsk Landbruksrådgiving tek på seg slike oppdrag. Det skal utarbeidast gjødselplan før kvar vekstsesong.
Gjødseljournal
Alle som bruker gjødselvare skal føre gjødseljournal frå og med 2026. Gjødseljournalen skal vise:
1. kor og når det er gjødsla
2. kva for type og mengde gjødsel som er brukt
3. kor mykje fosfor og nitrogen som er tilført kvart areal
4. og kor mykje total-nitrogen og total-fosfor som er påført.
Jordprøver
Jordprøver kartlegger næringsinnhold og kalkbehov i jorda, og er viktig for gjødselplanen. Jordprøver skal takast kvart 4. – 8. år, og analyserast for pH, fosfor, kalium, glødetap/moldinnhold.
Informasjon om uttak av jordprøver (PDF, 24 kB)
Plantevernmidlar og sprøytejournal
Vert det nytta sprøytemiddel på garden, er det krav om at du har sprøytejournal. Brot på kravet om sprøytejournal vil medføre avkorting i produksjonstilskotet. Sjå Krav til sprøytejournal
For å kunne kjøpe og bruke plantevernmiddel må du ha godkjent autorisasjonsbevis, såkalla sprøytesertifikat. Dersom du leiger andre til å utføre sprøyting for deg, er det likevel eit krav om at du som gardbrukar har journal på bruket (enten må den du hyrer inn til arbeidet føre til deg som ein del av jobben, eller så må du sjølv føre journalen).