Når treng du serveringsløyve?
Om du skal drive ein stad der det skal serverast mat eller drikke, må du ha serveringsløyve.
Endringar i løyve skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av dagleg leiar, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforholda. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve.
Korleis får du serveringsløyve?
Styrar/dagleg leiar for serveringsstaden må ha bestått etablerarprøven for å kunne søke om serveringsløyve. Løyvet vert gjeve til selskapet som eig staden.
Kurs og læringsmateriell finn du på www.vinn.no.
Sjølve prøva tek du på rådhuset i Askvoll.
Bruk det elektroniske søknadsskjemaet for å søke om serveringsløyve:
Vedlegg til søknad
Du vil bli bedt om å laste opp diverse vedlegg i søknaden.
Firmaattest for alle firma som er involverte i drifta.
Skatteattest for søkjar/eigar og andre med vesentlig tilknyting til drifta.
Teikning av serveringsstaden inne og ute.
Stadfesting av godkjent etablerarprøve for dagleg leiar.
Ved overtaking av verksemda, kopi av avtale mellom ny og gammal eigar.
Kor lang tid tar det å få svar?
Søknadane vert behandla fortløpande, saksbehandlingstida er inntil 3 månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysingar og dokument. Søknaden vert sendt til politiet og skatte- og avgiftsmyndigheitene for uttale. Behandlingstida kan bli lengre dersom høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjer endringar undervegs i behandlinga av søknaden.
Kva koster det?
Det er gratis å få serveringsløyve.