Voluntørteneste - aktiv ungdom

Europeisk Volontørteneste er frivillig arbeid for ungdom i utlandet

Kva er Volontørtenesta?

European Voluntary Service (EVS) eller Europeisk Volontørteneste gjer det mogleg for ungdom mellom 17-30 år å jobbe frivillig i 2-12 månader i eit anna land i Europa eller EUs naboland. Voluntørtenesta er ein del av Aktiv Ungdom sitt EU-program for ikkje-formell opplæring, og føremålet er at unge Europeere skal utvikle solidaritet, felles forståing og toleranse for kvarandre.

Askvoll kommune vart i 2017 blitt godkjent av Erasmus+/Aktiv Ungdom som mottakar og sender av volontørar.

Er det eit lag eller ein organisasjon i kommunen som kan ha nytte av ein volontør til ulike oppgåva? Eller er du ein ungdom frå Askvoll kommune som ynskjer å reise ut som EVS-volontør i eit anna EU-land, og du vil vite meir om ordninga?
 

Koordinering av volontørprosjektet i Askvoll kommune er tillagt dagleg leiar ved Frivilligsentralen.     

Astrid Halstensen
vikar for leiar
Askvoll frivilligsentral
E-post
Mobil 90 84 86 27
Vladyslava Tsytsyurska
Leiar
Askvoll frivilligsentral
E-post
Telefon 57 73 46 22
Mobil 90 84 86 27