Ung kultur møtes (UKM)

Ung kultur møtes (UKM) er eit offentleg kulturtiltak for ungdom mellom 13 og 20 år, og blir kvart år arrangert over heile landet.  

Når er lokalmønstringa for Askvoll?

Lokalmønstringa er kvart år i slutten av februar eller begynnelsen av mars.

I Askvoll kommune har rektor i kulturskulen ansvar for UKM og er teknisk arrangør for lokalmønstringa. Askvoll kommune samarbeider med Fjaler kommune og Hyllestad kommune om UKM, og arrangerer kvart år felles lokalmønstring. 

Kven kan delta på UKM?

Likar du å drive med musikk, teater, dans, film eller visuelle uttrykk som bilete og skulptur? Har du lyst å vise fram kva du kan? Då kan du delta på UKM. 

UKM er ikkje meint som ein konkurranse, men personar eller grupper kan likevel bli plukka ut av ein jury og gå vidare til fylkesmønstringa og den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim.

Arrangementet startar med lokalmønstringa i kommunane om vinteren, så blir det fylkesmønstringar om våren og til slutt den nasjonale UKM-festivalen i juni i Trondheim.

Likar du ikkje å stå på scena, men har du likevel lyst å vere med på festivalen? Då kan du også melde deg på for å jobbe bak scena.