Fritidskassa er eit tilbod om økonomisk støtte til born og unge frå 0-19 år i låginntektsfamiliar. Det vert gjeve støtte til ein aktivitet pr. born i halvåret. Ein kan få støtte inntil 2500 kr pr. born i halvåret, ein kan/må søke på nytt for kvart halvår. Føresette, trenar eller andre ressurspersonar kan sende inn søknad på vegne av søkjar.
Reglar for fritidskassa
- Fritidskassa kan dekke kostnadar til deltaking i organiserte fritidsaktivitetar
- Fritidskassa er eit samarbeid mellom kommunen og frivilligheita
- Det er ei tillitsbasert ordning utan krav til dokumentasjon av privatøkonomi eller liknande
- Ein skal sørge for at fritidskassa vert organisert slik at målgruppa ikkje opplev den som stigmatiserande å bruke
- Ein skal ikkje betale pengar direkte til målgruppa.
Kva kan ein søkje støtte til
Døme på kva ein kan søke støtte til:
- Medlemskontingent i ulike lag og organisasjonar
- Eigendel for turar, treningsleirar, deltaking på stemner og cup m.m.
- Kulturskuleavgift
- Trenings- og aktivitetsavgift
- Lisensar
- Utstyr til fritidsaktivitet
Lista er ikkje uttømmande.
Søknadsfrist og søknadsprosedyre
Det er ingen søknadsfrist. Søknader vert handsama fortløpande, og ein kan vente svar seinast innan 2 veker. Søkarar over 16 år, føresette, trenar eller andre ressurspersonar kan sende inn søknad på vegne av søkjar.
Søknadsskjema
Søknaden må innehalde fylgjande:
- Namn og alder på søkjar
- Kva ein søkjer støtte til
- Korleis ein ber om at støtta vert organisert/utbetalt (t.d. Faktura vert sendt direkte til Askvoll kommune, eller nokon andre har betalt og ber om refusjon)
Søknadar er konfidensielle og vert handsama fortløpande.
Du kan òg sende søknad til postmottak@askvoll.kommune.no.
Retningslinene til ordninga finn du her (PDF, 183 kB)
I 2024 fekk Askvoll kommune midlar frå BufDir til prosjektet.