Kulturmidlar

Askvoll kommune fordeler årleg tilskot til kulturaktivitetar. Søknadsskjema opnar 26.03.2026

Slik søker du

Tilskotsordninga har søknadsfrist årleg den 1.mai. I 2026 har Askvoll kommune kr. 30 000 til fordeling. Av desse skal kr. 20.000 fordelast på våren, og resterande kr. 10.000 vert lyst ut etter sommaren.

Søknadsskjema kulturmidlar

Kven kan søkje?

Frivillige lag/organisasjonar og einskildpersonar heimehøyrande i kommunen, som lagar til aktivitetar innanfor tradisjonelt kulturarbeid (t.d. teater, musikk, dans, film), barne- og ungdomsarbeid, idretts- og andre fritidsaktivitetar, kan søkje støtte frå ordninga.

For meir informasjon om ordninga, sjå retningsliner for kulturmidlar:

Sakshandsaming

Administrasjonen ved kommunedirektøren fordeler midlane etter vedtekne retningsliner for ordninga.

Rapport og utbetalingsoppmoding

Har du fått tildelt kulturmidlar? Her kan du rapportere på korleis arrangementet gjekk og be om utbetaling. 

Skjema kan òg nyttast for å gje tilbakemelding på at arrangementet ikkje vart noko av. 

Rapporteringsskjema Kulturmidlar

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11