Søk driftstilskot til frivillig ungdomsklubb 2023

Askvoll kommune set av ein sum pengar til driftstilskot til frivillige ungdomsklubbar/ungdomsarbeid i kommunen. For 2023 er det kr. 35.000 til fordeling.

Kven kan søkje?

Ungdomsklubben må ha eit styre, ein leiar og ein eigen konto. Klubben må ha ein aktivitetsplan, føre enkel oversikt over aktivitetar og tal deltakarar gjennom året og rekneskap for drifta.

Aktiviteten i klubben skal vere open for alle. Eventuelle inngangbillettar/eigenandel må ikkje vere av slik storleik at nokon ekskluderast frå å vere med på grunn av økonomi.

Søknadsfrist og søknadsskjema

Søknad om driftstilskot til ungdomsklubben skal leverast elektronisk.

Frist for å sende inn søknad for 2023 er 15. november. 

Gå til søknadsskjema for driftstilskot til frivillige ungdomsklubbar

Handsaming

Askvoll ungdomsråd handsamar søknadane og fordeler tilskotet.
 

Helene Norstrand
Rådgjevar
E-post
Telefon 57 73 07 11