Motorferdsel i utmark og vassdrag

Motorferdsel i utmark og vassdrag er som hovudregel forbode, for å verne om naturen og miljøet. Motorferdsellova opnar likevel for motorferdsel til visse formål. Kommunen kan gje løyve til køyring for næring og nyttetransport etter søknad. Det er ikkje høve til å gi løyve til turkøyring.

Slik søker du

Du søker elektronisk om løyve til motorferdsel i utmark.

  • Legg ved kart som viser planlagt køyrerute.

  • Gjeld søknaden transport av funksjonshemma må du legge ved legeattest som dokumentasjon. 

  • Dersom du skal køyre over andre sin eigedom må du ha løyve frå grunneigar.
     

Gå til søknadsskjema for motorferdsel i utmark
 

Kva er nyttekøyring?

Nyttekøyring kan til dømes vere bruk av snøscooter for utmarksnæring, transport av funksjonshemma, transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ligg minst 2,5 km frå veg. Sjå informasjon frå Miljødirektoratet.


Kva skjer vidare?

Vi behandlar søknaden din så raskt som mogleg, men du bør alltid sende søknad i god tid. Dersom vi treng meir enn ein månad til å avgjere søknaden, skal du få skriftleg melding om årsaka.


Klage på vedtak

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk brevet.

Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med tenestetorga i kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland, som avgjer klagen. 

Meir informasjon

Landbruksavdelinga for Askvoll, Fjaler og Hyllestad
LAF
E-post
Telefon 57 73 07 00