BUA - utstyrssentral i Askvoll

BUA er eit tilbod der alle kan låne sport- og friluftsutstyr heilt gratis!

Sjekk utstyr og opningstider her.

Mål med utstyrsordningane

  • Å gje fleire moglegheit til å være fysisk aktive og prøve fleire ulike aktivitetar, utan å vere avhengig av å kjøpe sjølv.
  • Bidra til betre folkehelse, færre ulikskapar og mindre forbruk. 

Registrer deg i utlånssystemet

For å låne utstyr må du registrere deg med låneprofil med namn, telefonnummer og e-post. Det er fint om du gjer dette før du kjem. Dei som er under 18 år må registrere seg som medlånetakar via ein vaksen person.

Lag din eigen låneprofil. 

Her kan du låne 

  • Besøksadresse: Ekspedisjonsbygget i Askvollvegen 418. 
  • Telefonnummer: 577 30 727
  • Om du vil låne eller levere inn utstyr utanfor opningstid er det berre å ta kontakt. 

Vi har drop-in ordning. Kom innom i våre opningstider og lån utstyr.

Du kan ikkje bestille eller reservere utstyr.      

Utstyr til utlån:

  • langrennsski, fjellski, slalomski, toppturski
  • skøyter, hjelm, briller, stavar, rattkjelkar, rumpeakebrett, truger, pulk til barn
  • tursekkar, sitje- og liggjeunderlag, telt, lakenposar, soveposar, tursko
  • bålpanne, turbestikk, kaffikjel, vaffeljarn, stormkjøkken, øks, sag, kniv, lykter
  • fiskestenger, slukar, snik, flytedress, redningsvest
  • syklar, sparkesyklar, skateboard, rulleskøyter, hjelm, verneutstyr
  • SUP-brett, oppblåsbar båt, tube, vasski 
  • volleyball, fotball, baskettball, mål, kjegler, badminton, frisbee, tennis, boccia
  • ... og mykje meir!
Arve Åsnes
Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 73 07 27
Mobil 41 55 32 75