Bilete av Gustavo Fring frå Pexels
Bulandet og Værlandet
Det blir vaksinasjon 30.10.
Ring heimetenesta for å bestille tid - mandag 27.10. og tysdag 28.10. mellom kl. 11.00 og 14.30.
Tlf 977 06 801.
Målgruppe for vaksinene:
- Alle over 65 år: influensa- og pneumokokkvaksine
- Alle over 75 år - influensa, korona- og pneumokokkvaksine
- Voksne og barn med kronisk sjukdom
Meir informasjon om målgrupper og risikogrupper finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider:
Koronavaksine
Influensavaksine
Pneumokokkvaksine
Nytt i år!
Pneumokokkvaksina Prevenar 20 er no ein del av vaksinasjonsprogrammet. Alle fødde i 1960 får tilbod om denne til redusert pris. Andre aldersgrupper som treng oppfrisking med pneumokokkvaksine får Pneumovax, som tidligere. Evt kan ein få Prevenar 20, men må då få resept frå lege.
Pris
- Koronavaksine kr 110,-
- Influensavaksine kr 300,-
- Prevenar 20: kr 110,- Kun til dei som er født i 1960
- Pneumovax kr 400,-
Ved samvaksinasjon (fleire vaksiner): kr 25,- i rabatt for koronavaksine og Prevenar (vaksine mot pneumokokksjukdom)
Stortinget har vedtatt å etablere eit voksenvaksinasjonsprogram som kom inn i “Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram” 1. juni -25.
Vaksinasjonsprogrammet betyr at:
- Kommunen sørger for at dei anbefalte målgruppene får tilbud om vaksiner i programmet
- Alle i målgruppene som bur eller midlertidig oppheld seg i Norge har rett til å bli vaksinert
- Det er lettare å få erstatning ved antatte vaksineskader fordi det er egne reglar for bevisbyrde ved behandling og erstatningskrav for vaksiner som vert sett i program
Målet med vaksinasjonsprogram er å førebygge sjukdom og dødsfall som følge av influensa, korona og pneumokokksjukdom. For å sikre at så mange som mogeleg tar vaksine vil det blir sendt ut påminning til personar over 65 år som ikkje er vaksinert i følge programmet.
Meir informasjon om voksenvaksinasjonsprogrammet finns på FHI.no under Voksenvaksinasjon.