Tenesta er eit tverrfagleg team som er samansett av psykiatrisk sjukepleiar, sosionom og barnevernspedagog, alle har kontor i Sentrumsgarden. Dei har lang erfaring frå arbeid med menneske med psykiske helseplager, psykiske lidingar, rusutfordringar og avhengigheit.
Tenesta si målgruppe er unge og vaksne frå 16 år.
Tenesta bistår med:
- Kartlegging av din situasjon
- Samtaleoppfølging fortrinnsvis på kontor
- Eksponeringstrening etter avtale
- Samarbeid med aktuelle instansar ved behov
- Samtale med deg som pårørande
Vi har særskilt fokus på:
- Å rettleie deg i å meistre kvardagen ved sjukdom og livsbelastingar
- Å vere her og no, og å tenkje framover
- Vi legg til grunn at du er aktivt medverkande i eige endringsarbeid
- Auke eiga meistringskjensle
- At hjelpa skal vere tidsavgrensa
Vi har kontor i Sentrumsgarden og har arbeidstid mandag- fredag mellom kl. 08.00- 15.00/16.00. Tenesta er gratis og vi har teieplikt.
Postadresse:
Postboks 57, 6988 Askvoll
Slik søkjer du:
Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
Søk om helse- og omsorgstenester
Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.
Papirsøknaden sender du til:
Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll
Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)
Du kan òg ta direkte kontakt med psykiatrisk sjukepleiar, slik at vi saman med deg kan vurdere ditt behov.
Klage på vedtak
Vedtak kan klagast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Ei evt. klage skal sendast til omsorgskontoret der kommunalsjef helse- og omsorg er sakshandsamar. Klaga kan fremjast muntleg eller skriftleg, der det vert grunngjeve kva endringar som er ønskjeleg. Klagefrista er 4 veker etter at vedtaket er motteke. Tilsette ved omsorgskontoret kan hjelpe til med å setje opp slik klage. Saka vert vurdert på nytt og du får tilbakemelding om utfallet. Dersom vedtaket vert oppretthalde, skal saka sendast Fylkesmannen for endeleg avgjerd.