Psykisk helse- og rusteneste for vaksne

Psykisk helse- og rusteneste i Askvoll er ei teneste til deg som av ulike årsaker har det vanskeleg. Det kan vere vanskelege livssituasjonar eller livsbelastningar, kortvarige eller langvarige psykiske lidingar, utfordringar med rus og avhengigheit, eller andre årsaker som gjer at du treng psykisk helsehjelp i ein periode.

Vi som jobbar i tenesta er eit tverrfagleg team med kompetanse innan psykisk helse og rusarbeid for vaksne, pårørande arbeid og oppfølging av barn, unge og familiar. Tilbodet er gratis og vi har teieplikt.

Tenesta er ein opplæringsinstitusjon og i periodar har vi sjukepleiestudent og/eller student i vidareutdanning. Du må pårekne at student er deltakande i oppfølging. Studentar har teieplikt.

Opningstider

Tenesta har opningstid måndag- fredag: kl. 08.00- 15.00 (mai til oktober), og måndag- fredag: kl. 08.00- 16.00 (oktober til mai). 

Psykisk helse og rus for vaksne er eit gratis lågterskeltilbod for unge og vaksne over 18 år. Du treng ikkje tilvising for å få hjelp.

Kva kan vi hjelpe med:

  • Ved samtale, rettleie deg å meistre kvardagen ved sjukdom og livsbelastningar
  • Medvirke til at du er aktivt medverkande i eige endringsarbeid
  • Auke eiga meistringskjensle
  • Fokusere på her og no og å tenke framover
  • Tilby samtale for deg som er pårørande
  • Kartlegge rusmiddelbruk og problemområde
  • Ved behov tilvise til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)

Kven samarbeider med med:

Alt etter kva som er behovet, samarbeider vi mellom anna med fastlege, heimetenste, NAV, spesialisthelsetenesta og frivillige lag og organisasjonar.
 

Kvar held vi til:

Vi har kontor i Sentrumsgarden i Askvoll sentrum, besøksadresse:  Askvollvegen 496 A

Dersom du treng akutt hjelp:

Kontakt:

  • Fastlegen din
  • Legevakt: 116/117
  • Ved akutt fare for liv og helse: 113
Linda Kvalheim
Psykisk helsearbeider
E-post
Telefon 41 62 13 03
Connie Aven
Psykiatrisk sjukepleiar
E-post
Telefon 93 06 64 23
Sidsel Fænn Kongsvik
Ruskonsulent
E-post
Telefon 57 73 45 10
Mobil 48 00 41 48