Psykisk helse for barn, unge og familiar

Psykisk helse- og rusteneste i Askvoll er ei teneste til deg som av ulike årsaker har det vanskeleg. Det kan vere vanskelege livssituasjonar eller livsbelastningar, kortvarige eller langvarige psykiske lidingar, utfordringar med rus og avhengigheit, eller andre årsaker som gjer at du treng psykisk helsehjelp i ein periode.

Vi som jobbar i tenesta er eit tverrfagleg team med kompetanse innan psykisk helse og rusarbeid for vaksne, pårørande arbeid og oppfølging av barn, unge og familiar. Vi har teieplikt.

Vi tilbyr støtte, rettleiing og oppfølging når barn, unge eller familiar opplev utfordringar knytt til psykisk helse, rusutfordringar eller familieliv. 

Tenesta er ein opplæringsinstitusjon og i periodar har vi sjukepleiestudent og/ eller student i vidareutdanning. Du må pårekne at student er deltakande i oppfølging. Studentar har teieplikt.

Kven er tilbodet for:

  • barn og unge frå 6 - 18 år
  • Foreldre/føresette og familiar
  • Gravide
  • Samarbeidspartar rundt barnet

Kva kan vi hjelpe med:

  • Samtalar og oppfølging av barn og unge
  • Rettleiing til forelde/føresette i omsorgsrolla
  • Vi tilbyr foreldrerettleiingskurs: Circle of Securety, invidivuelt eller i gruppe
  • Utfordringar i famlien eller i kvardagen
  • Handtering av uro, stress, nedstemtheit, sinne eller vanskelege tankar
  • Støtte ved belastande livshendingar
  • Bekymringar knytt til barnet si utvikling, trivsel eller åtferd
  • Samarbeid og koordinering med andre hjelpetenster ved behov

Kven samarbeider vi med:

Vi samarbeider tett med helsestasjon. Om du som forelder er uroa for barnet ditt, råder vi deg til å ta kontakt med helsesjukepleiar eller med barnehagen/ skulen. Dei har dialog med oss og kontaktar oss ved behov. Andre samarbeidspartar kan vere PPT, fastlege, barnevern og spesialisthelsetenesta når det er behov for det.

Korleis tar du kontakt:

Dersom du er uroa for barnet ditt, kan du ta kontakt med:

  • Helsesjukepleiar på helsestasjonen
  • Helsesjukepleiar på skulen
  • Kontakte Psykisk helse for barn og unge direkte

 

Barn og unge kan sjølv ta kontakt.

 

Kvar held vi til:

Vi har kontor i Sentrumsgarden i Askvoll sentrum, besøksadresse: Askvollvegen 396 A.

Opningstider:

Tenesta har opningstid måndag- fredag: kl. 08.00- 15.00 (mai til oktober), og måndag- fredag: kl. 08.00- 16.00 (oktober til mai). 

Dersom du treng akutt hjelp:

Kontakt:

  • Fastlegen din
  • Legevakt 116/117
  • Ved akutt fare for liv og helse: 113
Connie Aven
Psykiatrisk sjukepleiar
Telefon 93 06 64 23
Linda Kvalheim
Psykisk helsearbeider
Telefon 41 62 13 03
Sidsel Fænn Kongsvik
Ruskonsulent
Telefon 57 73 45 10