Omsorgs- og trygdebustad

Omsorgsbustad er ein tilrettelagt bustad som vert leigd ut av Askvoll kommune.

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)
 

Bustaden

  • Bustaden er tilpassa funksjonshemma og tilrettelagt for at bebuar skal kunne motta heildøgns omsorg.

  • Bustaden er bebuaren sin eigen heim, og heimetenester må søkjast og tildelast etter same vilkår som for andre heimebuande.
     

Målgruppe

  • Pleietrengande eldre og funksjonshemma.
     

Vilkår

  • Søkjar må ha behov for heimesjukepleie / heimehjelp

  • Søkjar må ha eit særleg stort hjelpebehov og / eller ha spesielt nytte av nærleik til institusjonen, no eller i nær fremtid

  • Søkjar bør kunne bruke tryggleiksalarm

  • Søkjar må sjølv ønskje omsorgsbustad

  • Det må vere ledig omsorgsbustad i kommunen

  • Før omsorgsbustad vert innvilga, vert det prøvd ut med tenester i heimen

Askvollheimen - Omsorgskontoret
Administrasjon
E-post
Telefon 57 73 45 00