Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm skal sikre din tryggleik slik at du kan bu lengst mogeleg heime.

 

Kva er ein tryggleiksalarm?

Alarmen er ein enkel måte å få kontakt med helse- og omsorgstenestene på heile døgnet, og få naudsynt hjelp dersom det oppstår ein akutt situasjon. Du får ein alarmknapp som du har rundt armen.

Kven kan søkje om tryggleiksalarm?

Dersom du meiner at du ut frå helsesituasjon, butilhøve og sosialt nettverk har nytte av å få tildelt tryggleiksalarm, kan du søkje om tryggleiksalarm.

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)


Kva kostar det?

Per 1.1.2022 betalar brukarar som har tryggleiksalarm kr. 320,- per månad (utan brannalarm).

Nye tryggleiksalarmar, som no vert montert, vil ha brannalarm. Satsen for desse alarmane er kr. 346,- per månad.

Eigenandelen på månadsabonnementet er fastsett av kommunestyret. Sjå link til betalingssatsar under "lenker".
 

Anna informasjon.

  • Alarmen er knytt til alarmsentralen i Florø heile døgnet.

  • Ved montering vert det hengt opp ein nøkkelboks med kodelås utanfor døra di. Kommunen dekkar boksen, men du må sjølv skaffe ekstra nøkkel som kan ligge i den. Det er berre helsepersonell som skal bruke denne boksen dersom du har behov for akutt hjelp. 

  • Dersom det er behov for ekstra knapp til alarmen, kan husstanden få dette utan ekstra kostnad.

  • Vedlikehald og reparasjonar som fylgje av vanleg bruk vert dekka gjennom abonnementet.

  • Brukar må sjølv betale for skade på utstyr som skuldast aktløyse.

  • Du må ha installert overspenningsvern i huset for å unngå unødige reparasjonar ved lynnedslag. Elles må du sjølv dekke kostnaden ved reparasjon av alarmen.

Askvollheimen - Omsorgskontoret
Administrasjon
E-post
Telefon 57 73 45 00