Praktisk hjelp i heimen

Praktisk bistand er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng praktisk hjelp for å greie daglege gjeremål i heimen. 

Kva kan du få hjelp til?

Heimehjelp kan omfatte reingjering av rom som er i dagleg bruk, skifte av sengetøy, vask av klede i vaskemaskin, innkjøp av matvarer. Klarer du ikkje slike praktiske gjeremål kan du søkje om heimehjelp.

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Papirsøknad helse- og omsorgtenester


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)

Praktisk bistand inkluderer ikkje:

  • Stryking av klede
  • Reingjering av område over "skulderhøgd", eller av rom som ikkje er i bruk
  • Opplæring til hushald
  • Hagearbeid
  • Nedvask
  • Baking
  • Rydding og vasking etter friske pårørande eller besøkjande
  • Hjelp til kjæledyrhald.
  • Flytting av bossdunkar i fellesareal
  • Frakting av boss til bossfylling
  • Gjere i stand til høgtider
  • Flytting av møblar
     

Kva kostar det?

Det er eigenandel på heimehjelp/praksisk bistand. Dette er regulert etter inntekt i husstaden. Satsane er fastsett av kommunestyret:

Praktisk bistand: betalingssatsar
Allmenn inntekt pr år Timesats pr mnd Abonnement pr mnd Merknadar
Inntil 2 G kr. 222 954 Ingen timesats kr. 220 Sats for abonnement inntil 2 G, skjer etter dei til ei kvar tid gjeldande lover/føresegner som vert fastsett av Helse- og omsorgsdepartementet.
Frå 2 til 3 G - inntil kr. 334 431 kr. 238 kr. 1 343 Dei som mottek hjelp ytt etter §4-2 som ikkje gjeld eigenomsorg betalar kr 238 pr time til og med 5 timar. Frå og med 6 timar gjeld abonnement.
Frå 3 til 4 G - inntil kr. 445 908 kr. 264 kr. 2 005 Dei som mottek hjelp ytt etter §4-2 som ikkje gjeld eigenomsorg betalar kr 264 pr time til og med 7 timar. Frå og med 8 timar gjeld abonnement.
Frå 4 til 5 G - inntil kr. 557 385 kr. 291 kr. 2 676 Dei som mottek hjelp ytt etter §4-2 som ikkje gjeld eigenomsorg betalar kr 291 pr time til og med 9 timar. Frå og med 10 timar gjeld abonnement.
Over 5 G - over kr. 557 385 kr. 319 kr. 3 344 Dei som mottek hjelp ytt etter §4-2 som ikkje gjeld eigenomsorg betalar kr 319 pr time til og med 10 timar. Frå og med 11 timar gjeld abonnement.

 

Askvollheimen - Omsorgskontoret
Administrasjon
E-post
Telefon 57 73 45 00