Særleg tyngande helse- og omsorgsoppgåver.
Om du som pårørande yter helse- og omsorgsoppgåver ovanfor ein person, kan du søkje om få avlasting. Det vil bli gjort ei kartlegging av situasjonen din, til den som har helse- og omsorgsbehovet, og deretter ei vurdering av om arbeidet er særleg tyngande.
Avlasting i institusjon.
Avlasting i institusjon vil seie at den som har hjelpebehovet får opphald i institusjon i ein tidsavgrensa periode.
Kva kostar det?
Avlasting i intitusjon er gratis.
Avlasting utanfor institusjon.
Avlasting utanfor institusjon vil i praksis seie at det vert engasjert ein person som yter avlasting i eigen heim, eller i den som har hjelpebehovet sin heim. Tenesta er mest aktuell til foreldre som har særleg tyngande helse- og omsorgsarbeid ovanfor sitt barn.
Kva kostar det?
Avlasting utanfor intitusjon er gratis.
Avlasting i form av andre helse- og omsorgstenester.
Kommunen skal vurdere om det er andre tenester som kan vere avlastande i dykkar situasjon. Aktuelle tenester kan til dømes vere helsehjelp i heimen, praktisk bistand, eller andre tenester.
Slik søkjer du:
Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
Søk om helse- og omsorgstenester
Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.
Papirsøknaden sender du til:
Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll
Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)