Kreftomsorg

Askvoll kommune har som mål at du som vert sjuk og dine pårørande skal verte ivaretekne på ein god måte, og oppnå best mogeleg livskvalitet. Kreftomsorga i kommunen skal derfor vere eit lågterskeltilbod, der du som ønskjer det kan ta kontakt tidleg i sjukdomsgangen.

Kreftkoordinator og ressurssjukepleiar

Askvoll kommune har eigen kreftkoordinator, og ressurssjukepleiarar med kompetanse om kreftomsorg.

Kreftkoordinator

Kreftkoordinatoren sine oppgåver er å:

  • Gje råd og rettleiing knytt til diagnose, behandling, rehabilitering og omsorg ved livets slutt.
  • Har tid til å lytte, og vere ein samtalepart som kan hjelpe å sortere tankar i ein vanskeleg situasjon
  • Vere eit bindeledd mellom pasient, fastlege, spesialisthelsetenesta og kommunen.
  • Vere ein støttespelar for born og unge som er råka av kreft, eller som er pårørande.
  • Informere om, og koordinere ulike tenester og tilbod innan kreftomsorg.
  • Koordinere og tilrettelegge kvardagen for den kreftsjuke og pårørande på best mogleg måte.

Kreftkoordinator held til på Sentrumsgården i Askvoll.
Kontortida er måndagar og torsdagar kl. 07.30 - 15.00.

Telefonnummer til kreftkoordinator: 459 75 809

Askvollheimen - Omsorgskontoret
Administrasjon
E-post
Telefon 57 73 45 00
Camilla Norstrand
Kreftkoordinator
E-post
Telefon 45 97 58 09
Mobil 45 97 58 09