Velferdsteknologi

Askvoll kommune satsar på bruk av velferdsteknologi i helse- og omsorgstenestene. Dette skal bidra til at innbyggjarane kan oppleve økt fridom, tryggleik og mestring av eige liv og helse. Bruk av velferdsteknologi skal også bidra til betre nytting av ressursane og kvalitet på tenestene.

Kva er velferdsteknologi, og kvifor ta det i bruk?

Velferdsteknologi er løysingar som fremjer meistring av eige liv og helse, og bidreg til auka tryggleik, aktivitet og sosial deltaking. Teknologien skal òg støtte pårørande og tilsette i helse- og omsorgstenestene i oppfølgjinga av personar med hjelpebehov. Velferdsteknologi skal leggje til rette for at innbyggjarane kan bu heime lengst mogleg.

Innføringa av velferdsteknologi skal føre til effektiv ressursutnytting, og til meir tilgjengelege og betre tenestar. Tiltaket blir eit viktig virkemiddel til å sikre eit framtidsretta og bærekraftig kommunalt tenestetilbod.

Kva er døme på velferdsteknologi?

Det finnes mange ulike typar velferdsteknologi. Her er nokre aktuelle døme:

  • Elektronisk medisindispensar som gjere det enklare å huske å ta medisin, og varslar pårørande eller helsepersonell dersom medisinen ikkje blir tatt.

  • Mobil tryggleiksalarm med GPS som mellom anna gjere det mogleg for personar med tidleg demens å fortsetje å gå tur og være aktive utandørs.

  • Kamera- og sensorløysningar som gjere det mogleg å utføre tilsyn utan å vere fysisk tilstades eller forstyrre personar som har behov for tilsyn.

  • Digitale løysingar som gjere det mogleg å ha enkel kommunikasjon og samhandling med tenestemottakarar og pårørande.

  • Robotstøvsugarar, robotgrasklippar og anna robotteknologi som kan assistere med praktiske gjeremål.

Velferdsteknologi eignar seg for mange ulike funksjonsutfordringar og kan nyttast av personar i alle aldrar. Nokre av løysningane vil vere ein del av det kommunale tenestetilbodet, som til dømes mobil tryggleikssalarm. Andre løysningar er det meir naturleg at innbyggjarane skaffar seg sjølv, som til dømes robotgrasklippar.

Kva for løysningar skal vi innføre?

Basert på nasjonale anbefalingar frå Helsedirektoratet, og kartlegging av behov i kommunen, arbeider vi med:

  • Elektronisk medisindispensar.

  • Mobil tryggleiksalarm.

  • GPS.

  • Nytt varslingsanlegg  på sjukeheimen (ferdig).

  • Kamera- og sensorløysningar for digitale tilsyn.

  • Nettbrett for enkel kommunikasjon og samhandling mellom tenestebrukarar og pårørande.

I tillegg har kommunen bytta ut alle analoge tryggleiksalarmar med digitale alarmar.

Nasjonalt samarbeid.

Askvoll kommune er knytt opp mot Nasjonalt velferdsteknologiprogram som er eit samarbeid mellom KS, Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet.

Kven kan du kontakte?

Kva kan du gjere sjølv?

  • Fjerne småtepper og legge sklisikring under andre teppe

  • Sikre godt lys og god lysstyring

  • Antiskli-matte i dusjen

  • Seng og stolar som er enkle å komme inn og ut av. Eventuelt sengeklossar eller spesialmøblar

  • Dusjkrakk

  • Støttehandtak i til dømes i dusj, ved toalett og seng

  • Røykvarslarar

  • Komfyrvakt

  • Robotstøvsugar

  • Robotgrasklippar

Meir informasjon


Les meir om velferdsteknologi her

 

 

 


 


 

Glenn André Lammetun Vilnes
Ergoterapeut
E-post
Telefon 57 73 45 17
Mobil 94 80 34 24