Kortvarige hjelpemiddel

Lån av hjelpemiddel er eit tilbod til deg som grunna sjukdom eller nedsett funksjonsevne treng hjelpemiddel for å meistre daglege gjeremål best mogleg sjølv. For å få hjelpemiddel må du bu eller opphalde deg i kommune.

Korttidslån

Dette er lån av enkle hjelpemiddel som krykker, toalettstol, badekarbrett m.m. Du kan låne for inntil 3 månader. Heimetenesta har lager og låner ut. Du treng ikkje søkje for å låne hjelpemiddel i ein kortare periode.

Kontakt

Om du har behov for korttidslån av hjelpemiddel kan du ta kontakt med heimetenesta på telefon 977 06 825.