Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

 BBbbfæjlsdjæfBeBrukarstyrt Personleg Assistanse omfattar praktisk og personleg hjelp i dagleglivet for menneske med ei funksjonshemning.

Ei brukarstyrt teneste.

Innafor dei timerammene som kommunen sitt vedtak gjev, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar), kva assistenten(ane) skal gjere, og kvar og til kva for tider hjelpa skal gjevast. Målet er at du skal ha eit mest mogeleg aktivt og sjølvstyrt liv, trass i di funksjonshemming.

Organisering av tenesta.

Omsorgskontoret er i dialog med søkjar om korleis tilbodet skal organiserast, og kven som skal ivareta arbeidsgjevarfunksjonen. Dette kan vere kommunen sjølv eller eksterne leverandørar av tenesta BPA.

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)

Søk i god tid:

For nye brukarar av BPA bør det søkjast minst 3 månadar før tiltaket er forventa sett i gong. Tidsramma er sett med bakgrunn i kor lang tid ein reknar med at det tek å få eit BPA-tiltak i gong.

Målgruppe

  • Menneske med ei funksjonshemming som har eit samansett og omfattande behov for tenester. Søkjar er sjølv i stand til å rettleie assistenten (ta arbeidsleiarrolla).
  • Personar som ikkje kan ta vare på arbeidsleiarrolla sjølv, som personar med psykisk utviklingshemming.
  • Familiar med barn som har ei funksjonshemming.
  • Det er i hovudsak dei som har eit stort og langvarig behov for personleg assistanse som har rett til å få tenesta BPA.
Håvard Yndestad
Sosialkonsulent
E-post
Telefon 57 73 45 13
Mobil 91 13 59 69