Vil du vere støtte- eller treningskontakt?

Askvoll kommune har ofte behov for nye trenings- og støttekontaktar. Det kan vere behov i alle bygdene i kommunen.

Brukarane av tenesta.

Brukarane av tenesta er alt i frå born til eldre, men med ulike behov. Felles for dei som tek imot støttekontaktteneste er at dei treng personleg bistand til å dekke sine behov for sosial omgang med andre, og for aktivitet og innhald i fritida.

Målet med tenesta.

Som støttekontakt vil du få være med på å bidra til at den enkelte får moglegheit til å leve og bu sjølvstendig, og til å ha eit aktivt og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre. Tilbodet er individuelt tilpassa, og tek utgangspunkt i brukaren sine eigne føresetnadar og kartlagt tenestebehov. Det er mogleg å være støttekontakt for ein eller fleire personar. 

Krav til deg som støtte-/treningskontakt.

Det er ikkje krav om helse- eller omsorgsfagleg utdanning for å bli støtte- eller treningskontakt, men du må inngå ein skriftleg oppdragsavtale med kommunen, du må signere teieplikt og levere gyldig politiattest. Du må være fylt 18 år, ha sertifikat og disponere eigen bil.

Ynskjer du meir informasjon?

Om dette er noko som er interessant for deg, og du ynskjer å vite meir, så kan du ta kontakt med sosialkonsulent Håvard Yndestad på telefon 57 73 45 13, eller sende ein e-post til havard.yndestad@askvoll.kommune.no