Støtte- og treningskontakt

Ein støtte- og treningskontakt hjelper ein annan person til ei meir meiningsfull fritid gjennom sosialt samvær og ulike aktivitetar.

Kva er ein støttekontakt?

Dersom ein person ikkje klarer å delta i fritidsaktivitetar, eller på sosiale arenaer sjølv, kan ein støttekontakt hjelpe med dette. Støttekontaktar skal medverke til at du skal få ei meiningsfull fritid saman med andre, og bidra til å bryte isolasjon, utvide sosialt nettverk, og utvikle sosiale ferdigheiter.

Kva er ein treningskontakt?

Ein treningskontakt er ein støttekontakt med målsetting om å hjelpe til med å kome i fysisk aktivitet.

Kven kan søkje om tenesta?

Dersom du, på grunn av skade, sjukdom, liding eller nedsett funksjonsevne, har behov for personleg hjelp og støtte til å meistre ulike fritidsaktivitetar og/eller til sosial deltaking, kan du søkje om tenesta.

Les meir om Askvoll kommune sine tildelingskriterier her. (PDF, 490 kB)

Slik søkjer du:

Du søkjer ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:
 

Søk om helse- og omsorgstenester


Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her.


Papirsøknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll


Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge den ved. (PDF, 28 kB)

 

Askvollheimen - Omsorgskontoret
Administrasjon
E-post
Telefon 57 73 45 00
Håvard Yndestad
Sosialkonsulent
E-post
Telefon 57 73 45 13
Mobil 91 13 59 69