Askvoll frivilligsentral

Vi er samlokalisert med biblioteket i det gamle bankbygget. Kom gjerne innom på besøk! 

Askvoll frivilligsentral er eit bindeledd mellom kommunen og frivilligheita.

Frivilligsentralen skal stimulere til frivillig innsats og at det er mangfaldige og opne møteplassar i kommunen. Frivilligsentralen er eit supplement til det frivillige organisasjonslivet i kommunen.

Frivilligsentralen samarbeidar og med andre etatar i kommunen om å løyse ulike utfordingar og leggje til rette for aktivitet og tilbod etter behov.

Askvoll kommune er eigar av sentralen via øyremerka tilskotet til kommunen. Sentralen vart oppretta i 1991. 

Oppgåver

  • Synleggjere Frivillegsentralen som ein resurs og stimulere til frivillig arbeid.
  • Administrerer aktivitetskalendaren/foreiningsportal.
  • Utvikle møteplassar.
  • Legge til rette for kulturtilbod.
  • Samarbeide i høve integrering og inkludering.
  • Administrere og drifte utstyrssentralen BUA (i samarbeid med folkehelsekoordinator).
  • Ansvarleg for gratisbruksbutikken i Helsehuset.
  • Administrere matombringing for heimebuande (i samarbeid med Askvoll Omsorgssenter).
  • Ansvarleg for volontørtenesta.
  • Administrere den Kulturelle spaserstokken.

Kontor på biblioteket i sentrum

Du finn oss i bibliotekslokala i gamle bankbygget i Askvoll sentrum (Askvollvegen 423). 

Artikkelliste

Vladyslava Tsytsyurska
Leiar
Askvoll frivilligsentral
E-post
Telefon 57 73 46 22
Mobil 90 84 86 27