Dagtilbod for heimebuande med demens

Dagtilbod er for heimebuande personar med demenssjukdom. Her får ein høve til å delta i eit fellesskap saman med andre, og delta på aktivitetar. Dagtilbodet held til i ein omsorgsbustad ved Askvoll omsorgssenter.

Målet med tenesta:

Dagtilbodet er ei teneste som skal bidra til at personar med demens kan bu heime lengst mogleg, og medverke til å trygge kvardagen. Tenesta har vidare som målsetjing å førebygge mot einsemd og isolasjon, og forebygge mot tenester på eit høgare omsorgsnivå. Tenesta kan òg ytast som avlasting til pårørande.

Kriteriar for å få tildelt tenesta:

For å få denne tenesta må ein mellom anna ha ein demensdiagnose, eller vere under utgreiing for demens. Ein må òg vere heimebuande.

Ein må søkje om tenesta, og det vert etter ei kartlegging og individuell vurdering, fatta eit einskildvedtak på om du får innvilga tenesta eller ikkje.

Sjå Askvoll kommune sin Tenestestandard for meir informasjon. (PDF, 842 kB)

Slik søkjer du:

Du søkjer om tenesta ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester:

Søk om helse- og omsorgstenester

Dersom du ikkje kan søkje elektronisk, finn du papirsøknaden her. (PDF, 522 kB)

Søknaden sender du til:

Askvoll kommune
v/tildelingskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll