Vaksine mot apekoppar

Det er no opna for at personar med prioritet for vaksine i gruppe 2 kan få vaksine mot apekoppar. Dette gjeld menn og transpersonar som har sex med menn OG som har risikoåtferd (hyppig byte av partner, tilfeldig sex, gruppesex, chemsex) OG som har dokumenterbart gjennomgått syfilis, gonoré eller klamydia siste 24 månader.

Ansvaret for gjennomføring av vaksinasjon for denne gruppa ligg på kommunen. Om du høyrer til gruppa som no kan få vaksine, ber vi om at du melder ditt behov til din fastlege. Vidare informasjon kring vaksinasjon vil bli gjort via din fastlege, med tanke på praktisk gjennomføring.

Informasjon om apekoppar på FHI sine heimesider