OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Legesenteret

Askvoll legesenter er lokalisert i 1. etasje på Helsehuset, Prestemarka 1. Senteret har 4 fastlegar, LIS1-lege (turnuslege), sjukepleiar og helsesekretær. 

Opningstid

Kontoret er ope:

08.00 - 15.00 i sommarhalvåret (01.05. - 30.09.)

08.00 - 16.00 i vinterhalvåret (01.10. - 30.04.)

Telefonen er stengt mellom kl. 12.00 og 13.00, og stenger for dagen kl. 15.30 i vinterhalvåret.
 

Når du ringer legekontoret på tlf. 57 73 46 00 mellom 12 og 13 så får du tre tasteval:

  • 1 - Øyeblikkelig hjelp

  • 2 - Resepsjon

  • 9 - Enkel engelsk tastemeny


Dersom det er noko som hastar bør du ringe legevaktstelefon på 116 117.
Ved akutthjelp/Øyeblikkelig hjelp: Ring 113

Når vi stenger telefonen i kontortida vert telefoner som haster kobla om til legevaktstelefon.

Elles:

Legekontoret nyttar Pasientsky til kommunikasjon med pasientar.  
Du kan laste ned eigen app i Google Play og App Store.

Her kan du:

  • Sende reseptførespurnad
  • Sjå betaling
  • Bestille time

Det er ikkje alle legane som har lagt ut timar for bestilling via appen.  Dersom du ikkje finn timar hos din lege må du ringe legekontoret,  tlf. 57 73 46 00.

Hugs å bestille reseptar i god tid, minimum 2-3 dagar før du er fri for medisin.

 

Akutt hjelp/Legevakt

Tlf: 116 117

På dagtid er legevakta ved legesenteret. Etter kontortid er Askvoll kommune med i den interkommunale legevaktordninga SYS-IKL.

Alle innbyggarar i kommunen, samt dei som oppheld seg i kommunen,  har rett til naudsynt helsehjelp.

Informasjon om legevaktsentralen.

Postadresse:  Postboks 57, 6988 Askvoll

Ved ulykker/akutt nød: Ring 113

Fastlegar i Askvoll

Siv Tønder, Maret Krannich, Malgorzata Tveit.
Det er ikkje tilsett ein 4. fastlege endå:  Det vil vere ein vikar som vikarierer på denne fastlegelista, for tida Johan Nyhammer.

Bytte fastlege

Om du ynskjer å bytte fastlege går du til  Helsenorge.no

Olaug Søreide
Seksjonleiar
E-post
Telefon 57 73 46 19
Maret Krannich
Kommuneoverlege
E-post
Telefon 57 73 46 00
Til toppen