Koronavaksine i Askvoll kommune

Askvoll kommune følger tilråding frå FHI om å tilby oppfriskingsdose til enkelte målgrupper.  Du kan ringe Askvoll legesenter, tlf. 57 73 46 00 for å avtale tid for vaksinasjon.

Tilråding frå Folkehelseinstituttet (FHI).


Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår ei ny oppfriskingsdose for følgjande målgrupper:

  • Personar som er 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
  • Aldergruppa 18-64 år som er i ei risikogruppe
  • Gravide
  • Aldersgruppa 12-17 år med alvorlig grunnsjukdom
  • Aldersgruppa 6 mnd - 11 år med alvorlig grunnsjukdom etter individuell vurdering.

Doseintervall mellom dose 1 og 2 for Comirnaty (Pfizer/BioNtech) er sett til minimum 3 veker og maksimum 12 veker for vaksne, og 8 til 12 veker for born og ungdommar.  Doseintervall mellom dose 2 og boosterdose er 20 veker.  Ny oppfriskningsdose kan tidligst takast 4 månader etter siste vaksinedose. Det er anbefalt at det bør vere 3-4 månader mellom gjennomgått infeksjon og oppfriskningsdose då eit lenger intervall truleg vil gje ein betre antistoffrespons.   Det må vere minimum 3 veker mellom infeksjon og ny vaksine. 

Koronavaksinen er gratis.  

Alle som ynskjer det kan få vaksina.

Vaksinen er den sist oppdaterte hausten 2023.

 

Informasjon for deg som har fått vaksine

 

Meir informasjon om koronavaksine:

FHI - Koronavaksinasjonsprogrammet 

FHI - Koronavaksine - informasjon til befolkninga 

FHI - Utvikling og godkjenning av koronavaksiner

Artikkelliste